Ein konsert vi aldri gløymer

25.10.2021

Da eg slo på PC'en i dag tidleg, dukka det opp eit svært så triveleg minne frå 25. oktober 2014. Blant alle dei fine gåver vi fekk da vi gifta oss fem månader før, var ein tur til London. Inkludert i denne var også ein konsert i Royal Albert Hall.

Den kvelden gløymer vi aldri. Ein fullsett sal, London Symphony Orchestra og eit kor på 400 songarar - det var overveldande. Hovudpost på programmet var «Carmina Burana» av Carl Orff, som er eit verk samansett av 24 middelalderdikt på latin frå samlinga «Carmina Burana».

Ved sida av musikken: For ei oppleving det var å sitte i denne berømte salen og nyte musikken. Og for ein kvalitet på lyden!

Eg og Mette pynta oss til konserten, da vi trudde at dette kom til å bli både høgtideleg og stivbeint. Men der tok vi feil. Folk kom i alt frå dongery til dress. Ute i foajeen var det ei mengde med pubar. Glaset kunne ein ta med til plassen sin inne i konsertsalen. Det hadde vi ikkje trudd.

Royal Albert Hall er oppkalla etter prins Albert, dronning Victoria si ektefelle, og vart innvia 19. mars 1871. Salen har plass til 9.000 personar. Av omsyn til sikkerheita, er det i dag ikkje lov å sleppe inn fleire enn 7.000.