Ei lita historie om ei handgjerningslærarinne

20.10.2021

På nettet kom eg over dette flotte bildet av Ingeborg Kvendbø (f. 1906) frå Åslykkja. Ingeborg var i mange år handarbeidslærarinne i Surnadal.

Bildet er frå 1950, da ho var handgjeringslærarinne, som det heitte den gongen, på Tynset Folkehøgskole. Eg fann også ein notis i avisa Østlendingen for 14. februar 1952, der vi ser at Ingeborg underviste på eit kveldskurs i prydsaum på Tynset.

I nettsøket mitt dukka det opp ei ei lita melding om Ingeborg i Bergen Arbeiderblad. Den stod 21. september 1939, og viste at Hosanger skulestyre da tilsette Ingeborg som handgjeringslærarinne i Molvik og Bysheim kretsar. Om ho verkeleg tok denne jobben, har eg ikkje klart å finne ut. Tilsettinga skjedde på eit tidspunkt der storkrigen truga ute i Europa, så kanskje vart ho heime?

Ingeborg var tidleg ute med å ta sertifikat. Ikkje anna enn eg har klart å finne ut, var ho den første kvinnelege bilsjåføren på Eidet.

Ho og søstera Ann var venninner med bestemor mi Berta, og var ofte på besøk i Utigard. Eg har mange trivelege minne om dei begge. Bror Bjørn hadde eit ekstra nært forhold til Ingeborg og Ann. I mange år var det fast tradisjon at han ut på dagen julaftan vart køyrt til Lykkja for å utveksle presang med dei to.