Borch har rett i sak, men drep ein viktig debatt med storslegga

27.04.2023

Tidlegare medarbeidar i Dagsrevyen, Christian Borch, har fått mykje peppar etter at han i si nye bok tar eit oppgjer med dialektbruken i NRK sine nyheitssendingar.

Borch meiner at dialekter ikkje høyrer heime i desse programma. I boka «Bak kulissene. Minner fra et liv i journalistikkens skarpe ende» skriv han m.a.: «Lokaldialekter forstyrrer og distraherer den generelle forståelsen av det som blir formidlet; de er som sand på skøytebanen og hindrer fri flyt. Greit nok i lokalsendinger, men slik skal det ikke være i riksdekkende nyhetsformidling.»

Eg er einig med Christian Borch i sak. Kvifor, kjem eg tilbake til. Måten Borch går ut på, m.a. med å latterleggjere USA-korrespondent Lars Os, har eg derimot liten sans for. Borch sin arrogante og bombastiske stil, gjer at ein viktig debatt spora av med det same den starta. Hadde han vore meir forsiktig med bruken av storslegga, kunne dette ha vorte eit fruktbart ordskifte.

I NRK sine språkreglar heiter det: «I nyhetssendinger og programinformasjon skal programledere og annonsører bruke offisielt bokmål eller nynorsk. Redaktørene kan gjøre unntak dersom det ikke er i strid med reglene og retningslinjene nedenfor».

Unntak har vore gjort dei siste åra. Og fleire vil nok komme. Som regel fungerer det slik, når oppmjukinga av ein regel først har starta. Christian Borch karakteriserer dette som «et saktegående jordskjelv». Noko jordskjelv er det vel ikkje. Men ønsker vi ei slik utvikling?

Her blir altså svaret mitt nei. Det betyr ikkje at eg er mot dialekter. Poenget frå min ståstad er at aldri før har det vore større behov for arenaer der normert bokmål og nynorsk blir brukt. Den norske skriftkulturen er under press. Påverknaden, ikkje minst frå engelsk, er meir påfallande enn nokon gong. Skal vi lære å skrive korrekt bokmål og nynorsk, treng vi også høyre det normerte språket i bruk. Her har NRK, som kulturberar, ei viktig oppgåve å ivareta. Derfor må det vere normert tale i nyheitssendingane.

Noko jordskjelv er det vel ikkje. Men ønsker vi ei slik utvikling? 

Eit viktig moment er også at nyheitsspråket ikkje skal vere til å misforstå. Det skal flyte friksjonsfritt frå avsendar til mottakar, og ikkje distrahere. Omsynet til innvandrarar har vore nemnt i debatten. Dette er stort sett menneske som har lært normert norsk, og som av naturlege årsakar har eit framandt forhold til dialekter og dialektbruk. Dei har krav på at nyheitssendingane i deira nye heimland blir presentert på ein måte som dei forstår.

Dialektene i Norge toler godt at NRK stoppar oppmjukinga av sine eigne språkreglar. For har vi nokon gong lest og høyrt så mykje dialekt i det offentlege rommet som i dag? Neppe. Utanom nyheitssendingane har NRK eit breitt tilbod av program på sine radio- og TV-kanalar. Der blomstrar dialektbruken som aldri før. Statskringkastaren tar ansvaret sitt som formidlar av språkleg mangfald på stort alvor. Også på dei kommersielle kanalene høyrer vi i dag mykje dialekt. Alt dette er sjølvsagt positivt.

I tillegg til radio og TV, har sosiale media utvikla seg til ein viktig arena for dialektbruk. Folk er tydeleg stolte av dialekta si, og og finn det formålstenleg å bruke ho når dei skal kommunisere med vener, og omverda for øvrig, på desse plattformane.

I gamle dagar stod riksmåls- og landsmålsforkjemparar på kvar si side i ein bitter språkstrid. I vår tid handlar kampen om å redde ein norsk skriftkultur, som bygger på dei likestilte målformene bokmål og nynorsk. Den dagen normert norsk ikkje lenger er allemannseige, har vi tapt.